tirsdag 24. juli 2007

Start :)

Hei hei!
Såg denne bloggen hos ei venninne, og sidan eg alltid har hatt lyst til å føre ei slags dagbok kan dette kanskje vere eit godt alternativ. Her vil eg fundere litt over dagane mine, og skrive om viktige og midre viktige ting som skjer.
Kort fortalt er eg lærarstudent og mamma til to rampetroll på 5 og 3 år. Desse er mi store stoltheit og også til tider årsak til noko hovudbry :) No er det snart tid for å byrje studere att, jaggu gikk sommaren bra fort. Og eg som undra meg over kva eg skulle finne på i nesten 3 mnd...
Først skal eg og gutane kose oss i Tafjord saman med papsen, Kari og Ørjan (super-onkelen)! Vi skal be audmjukt til høgare makter om litt sol, slik at vi får testa bassenget, og helse på familie og kjente. Min kjære kjøkkensjef har meir enn nok med å fore Aafk-gutta, slik at dei held seg i det gode sporet dei har funne :) Neste veke går bort i litt skosalg, Euro Sko here I come, og ellers kanskje ei herlig musikkoppleving på Åndalsnes laurdag.... Den som held seg levande, får sjå!
Takkar for meg med von om ein time med krim på senga (Jo Nesbø here I come)! Ciao :)